Det var Nore og Uvdal dialektlag som las inn eventyr på lydband i 1989. Numedal mållag har no digitalisert opptaket og gjort det tilgjengeleg for allmenta på nettet.
Trykk på eventyra under for å høyre.
Trykk her for å høyre i samanheng.
Dei som les er: Gunhild Brun, Lars Jacobsen, Halvor Lesteberg, Halvor Sønsterud og Aasta Skarpås. Song av Halvor Lesteberg, Magnhild Lesteberg, Astrid Loftsgård, og Pauline Skarpås.
Dialektlaget skreiv i samband med utgjevinga av kassetten: "Nore og Uvdal Dialektlag vart skipa i 1989. Laget har som formål å arbeide aktivt for å ta vare på og styrkje dialektane i øvre Numedal. 'Bymuse og Fjellmuse' kan vera eit symbol på det arbeidet dialektlaget ynskjer å gjera. Fjellmuse trudde bylivet var det gjevaste, heilt til ho fekk oppleve noko anna. Me som bur på bygdene må gå ilag for å ta vare på den rike kulturarven som dialekten er."