Det var Nore og Uvdal dialektlag som las inn eventyr på lydband i 1989. Numedal mållag har no digitalisert opptaket og gjort det tilgjengeleg for allmenta på nettet.

Trykk på eventyra under for å høyre.

  1. Bymuse og fjellmuse 06:58
  2. Ikkje køyrande og ikkje ridande 01:43
  3. Smørbukk 08:45
  4. Då bjønn fekk stutt rove 01:29
  5. Haugetyet på Kravik (segn) 03:15
  6. Prinsessa som ingen kunne målbinde 05:59
  7. Svarte Pisil (song) 01:18
  8. Smørkvartelet 01:41
  9. Ulven og dei sju geitungane 07:37
  10. Bjølla på katten 01:50
  11. Røven som gjetar 01:54
  12. Geitungen som kunne telje til ti 05:17
  13. Mannen som skulle stelle heime 04:53
  14. Bånsull (song) 01:57


Trykk her for å høyre i samanheng.

Dei  som les er: Gunhild Brun, Lars Jacobsen, Halvor Lesteberg, Halvor Sønsterud og Aasta Skarpås. Song av Halvor Lesteberg, Magnhild Lesteberg, Astrid Loftsgård, og Pauline Skarpås.

Dialektlaget skreiv i samband med utgjevinga av kassetten: "Nore og Uvdal Dialektlag vart skipa i 1989. Laget har som formål å arbeide aktivt for å ta vare på og styrkje dialektane i øvre Numedal. 'Bymuse og Fjellmuse' kan vera eit symbol på det arbeidet dialektlaget ynskjer å gjera. Fjellmuse trudde bylivet var det gjevaste, heilt til ho fekk oppleve noko anna. Me som bur på bygdene må gå i lag for å ta vare på den rike kulturarven som dialekten er."